Seminar

Salmeseminar2
Fagdag for kateketar, trusopplæringsmedarbeidarar, kantorar, diakonar, prestar og andre interesserte
Knudtzonlunden, Frei, 17. september 2013, kl. 10:00 – 16:45
Klikk her for brosjyre

Møre bispedømmeråd og Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival inviterer til eit tverrfagleg seminar om salmar og songar i møte med born og unge, med tittelen «Skyter stadig friske skudd?».

Seminaret blir på ærverdige Knudtzonlunden på Frei tysdag 17. september. Målet for seminaret er å inspirere til songglede blant born og unge, til å bruke og lære salmar og songar i gudstenesta og anna arbeid med barn og unge, og til å gi metodar for å bruke salmar og songar på ein nyskapande måte. Sjå vedlagte brosjyre for nærare program. Målgruppe for seminaret er kyrkjemusikarar, kateketar, trusopplærarar, prestar, diakonar og andre interesserte.

Bidragsytarar er m.a. Hans Olav Baden, kyrkjemusikar i Holmlia kyrkje i Oslo og Sindre Skeie, salmeforfattar og prest i Søreide Kyrkjelyd i Bergen.

Vi har samarbeid med ulike kyrkjelege faggrupper i planlegginga av denne dagen, og målsettinga er at fleire frå kvar stab kan delta på seminaret, og at dagen kan bli bevisstgjerande og inspirerande til vidare arbeid om dette temaet i kyrkjelydane.

Klikk her for påmelding!

Påmeldingsfrist: 11. september

Kursavgift kr. 500

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s